Omvising laurdag kl 12.30 og 13.30
Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
Omvising laurdag kl 12.30 og 13.30. Kun 25 gjester pr gruppe og omvisinga tek om lag 1 time.
Foaje open lørdag 11.00-18.00, søndag 12.00-18.00.
Det Norske Teatret er eit av landets største teaterhus. Om lag 250 000 publikum ser kvart år framsyningane. Teatret har 235 årsverk og tar mål av seg til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå.
Etter nesten 70 års kamp for å få sitt eige teaterhus blei det noverande teateret i Kristian IVs gate 8 opna i 1985, teikna av 4B Arkitekter. Ein av Noregs største teaterscenar bygd i betong og stål, og kledd i tegl, kopar og glas. Foajeen blei renovert for moderne tider i 2018. Det blei bygd nye barar og ny billettluke med eigen teaterbutikk.
På omvising vil du få eit historisk tilbakeblikk på stiftinga av Det Norske Teatret og korleis eit nytt teaterhus blei reist. Du får bli med bak kulissane i eit 26 000 m2 levande teaterhus med fire scenar, prøvesalar, lydstudio, verkstader (målarsal, snikkarverkstad, kostymeavdeling, maskeavdeling og smie) – og ein av Nord-Europas største vareheisar.
Foto: Arkitekturfoto
Norwegian Theater
The Norwegian theater is one of the country´s largest theater buildings with approximately 250 000 visitors yearly. The current theater building at Kristian IVs gate 8 was opened in 1985 as one of Norway´s largest theater scenes, built of concrete and steel, and clad in brickwork, copper and glass. The foyer was renovated for modern times in 2018. The guided tour will introduce you to the history of the Norwegian Theater and how the new theater was erected, including behind the scenes access to the 26 000 m2 building with four scenes, practice rooms, sound studio, workshops and one of northern Europe´s largest elevators.